...her: WWW.VTJORHOM.WORDPRESS.COM
Sidan min Afrikatur er over, og sidan eg ville ha nokre endringer, så har eg laga ein ny blogg. Om eg skriv mykje eller lite gjenstår å sjå.
Dette er meg
- Vegard Tjørhom
- 20 år. Frå Tjørhom i Sirdal. Likar snø og vinter. Men og sommar og Afrika. Utadvendt ,og grei og snill og alt det der. Håper på å verta journalist ein vakker dag. Går dette året på FOKUS-linja ved Hald internasjonale senter. Frå oktober til mars skal eg til Kenya saman med Mari, Ane og Tord.
tysdag 20. mai 2008
onsdag 16. april 2008
Attende i heimlandet
Av
Vegard Tjørhom
Då er eg attende på Hald, og eg sit no i stova og høyrer på alle folka rundt meg som speler spel og snakker høgt. Det er fint å vere attende, men samstundes tenkjer eg på Afrika, Kamerun og Kenya. Eg tenkjer på alle studentane eg vart kjent med. Deira liv er uendra dei siste vekene, medan mitt har blitt totalt forandra. No sit dei sikkert i mørket ved call boxen, medan eg har solen i nakken her eg sit med laptopen på fanget, stappmett og trygg.
Dette biletet er med fordi eg synes det er koseleg. Og fordi Petit Paul er i midten av det (med rød lue). Han var ein kar som sprang rundt og gjorde mykje rart. Skulle alltid seie "Hva skjer'a Bagera?" og spele idioten. Rar, men koselig til ein viss grad. Dette biletet synes eg dessuten er veldig koselig. Husker så godt då det vart tatt, og kva dei forskjellige folka sa.
Her viser eg dei forskjellige funksjoner av kameraet. Artig artig...:
Dei siste dagane i Kamerun var fine. Meg, Tord og Amos reiste saman til Yaounde, der me fekk oppleve fleire nye ting. Deriblant hadde me ein middag med blant andre ein MP (member of parliament) i Kamerun. Det at han var stortingspolitiker i regjeringspartiet i eit av dei mest korrupte landa i verden, gjer han mest sannsynligvis korrupt. Og då eg sat der og høyrte desse mennene sitte å diskutere politikk, så var eg glad for at venene mine er studenter på Dang, og ikkje korrupte dressmenn frå Yaounde. Og desse folka vil eg gjerne presentere for dykk som les dette:
Amos (dette bildet er eit ristebilde, det er difor han ser rar ut :P ): Denne fantastiske karen snakker tilnærma flytande norsk (tidlegare Hald-elev), og er den beste karen eg møtte desse seks månedane. Han brukte mykje av studietida si på meg og Tord, og gjorde livet enklare for oss på Dang. Amos er best, Amos er toppen. Hans draum er å vere misjonær i Noreg. Eg håper han kjem seg attende hit ei gong.
Benji (Benjamin): Han reiste til Hald saman med Amos, og han har vore min nabo dei tre månedane på Dang. Han er ikkje like god som Amos i norsk, men desto meir sjarmerande. Han er dirigent i eit av dei største kora i byen, og han har eit stort ønske om å gå på folkehøgskule i Noreg ei gong. Det hadde vore kjekt! Benjamin er ikkje for likestilling, synes sjølv han er kjekk og har fine muskler, og han legg for all del ikkje skjul på det. Slik er ekte afrikanarar.
Dang (Yves): Dang var min nærmaste nabo på Dang. Han var kaptein på volleyballaget og spelte også på eit lag som kom til finalen i ei stor turnering på universitetet. Om dei vant eller ei veit eg ikkje, dei spelte nemleg finalen då eg kjørte derifrå. Han har vore litt på besøk og spelt data. I tillegg har han kome på både datakurs og engelskkurs. Engelsken hans har forbetra seg dramatisk i løpet av oppholdet mitt. Første gong eg møtte han var svaret: Je na parle pas anglais (Beklager skriveleifer. Det betyr: Eg snakker ikkje fransk). Men dei siste vekene snakka han engelsk meir enn dei fleste.
Donald: Leiar for CHRISC og innehaver av call-boxen (kassa han sit i på dette biletet) der all sosialt liv skjedde på kvelden. Han her snakka ikkje engelsk. Men han snakka fransk. Så samtalane med han, som det faktisk vart ein del av, bestod av meg som snakka engelsk, og han som snakka fransk. På den måten lærte eg ein del fransk, og han ein del engelsk. Donald var utrulig koselig!
Ammadou: Kompisen til Donald. Han her var svær. Skikkelig muskelbunt. Ein av dei mest "viktige" personane i CHRISC. Samstundes som han hang ved call-boxen kvar kveld. Han hadde ein rar form for engelsk. Men var den som var mest villig til å snakke, iallefall i byrjinga.
Serge: Kompisen til Dang. Han var med og spelte Football Manager av og til, og var veldig god i engelsk. Så god at han eigentleg ikkje behøvde å komme på engelskkursa. Noko han altså gjorde. Denne fyren trur eg er veldig smart. Og i tillegg er han imøtekommande og vennleg. Blei kjent med han eit stykke ute i oppholdet. Litt synd det der...
Her viser eg dei forskjellige funksjoner av kameraet. Artig artig...:
Eg satte meg eit mål før reisa, saman med teamet mitt. Å gjere livet enklare for minst fem personer. Om eg greidde det eller ikkje, det veit eg ikkje. Men eg trur faktisk det. I meir eller mindre grad trur eg at eg har gjort ein forskjell for nokre folk. Både i slummen i Kenya og på Dang.
Eg gjorde nok meir arbeid på universitetet som folk kan "bære frukter" av, enn det eg gjorde i slummen. I Kenya var det nok først og fremst eg sjølv som lærte ting, og fekk noko ut av opphaldet. Ja, føler eg burde skrive noko meir. Men veit ikkje kva. Så då avslutter me.
måndag 31. mars 2008
Det desidert siste innlegget... Saa sant eg ikkje blir verande her...
Av
Vegard Tjørhom
Eg skreiv i forrige innlegg at det skulle bli det siste frå Afrika. Men eg føler eg har tid (tar meg i alle fall tid) og nok å skrive om for det om.
No er det mandag morgon, og eg går inn i mi siste veke her på Dang. Om seks dager reiser eg, Tord og Amos til Yaounde, og på torsdag formiddag lander eg heime i Noreg. Først på Sola i 11-tida, og deretter på Gardermoen i tre-tida. Det er med andre ord ei lang reise som står foran oss, med blant anna 15 fantastiske timer med venting på Jomo Kenyatta Airport (ironi)
Det er nokre veker sidan eg skreiv om mine planer om å ”trenge” meg på folka som bur rundt oss her. Og det har eg også gjort. Det har ikkje alltid vore enkelt, både med tanke på språk, og at dei ikkje nødvendigvis inviterer ein automatisk med på ting. Men då er det berre å invitere ein sjølv med, slik er denne kulturen.No sit eg med ei kjensle av at eg har lyst til å verta verande, samstundes som eg har litt lyst heim også. Kvar dag som går vert eg meir og meir kjent med folk, og eg lærer stadig meir fransk til min store overaskelse (utan å lese).
Denne veka vert nok travel. Det skal vere KRIK-turnering frå onsdag til laurdag. Eg skal ha engelsk i morgon (noko som stressar meg litt, som vanleg), i tillegg blir det avslutning på bibelgruppa og også ei ”au revoir”-gudsteneste på laurdag morgon. Eg skal også flytta ut av Dang, og kanskje få tid til å skrive nokre bokrapporter som eg har latt vente på seg.
Om to veker sit eg der, på veg til Mandal. Eg har nettopp vore i Valdres og sannsynligvis hatt ei fantastisk helg der. Det er attende til kvardagen. I den norske, tomme, bussen som har det travelt for å halde tidstabellen sit eg, eg høyrer på elfenbensk R&B, musikk som får meg til å tenkje på Afrika. Me køyrer på ein av dei finaste vegane i Noreg, med ein buss der det ikkje kjem nokre u-lyder. Bussen fyker forbi store fine hus på grøne vårlige enger. Eg et smågodt, drikk farris og sit sannsynligvis og tenkjer... Attende til Afrika. På folka som vert verande her. Alle dei som har satt sitt preg på meg og mitt liv. Alt det dei må streve med. Alt det urettferige i denne verden. Men også all livsgleden desse folka har. Og eg tenkjer på kor mykje eg ønsker å reise attende.
Eg trur eg kjem til å gå på ein smell når eg kjem heim igjen. Slik sett er det godt at eg skal til Hald igjen ganske snart etterpå. Men eg føler eg har blitt ganske så afrikansk av desse månedane i Afrika. Spesielt dei siste tre. Det er liksom litt forskjell mellom Nairobi og Ngaoundere. Naiorbi sentrum kunne for min del vore ein europeisk storby. Ngaoundere er også relativt sentralt, men har likevel dette afrikanske livet over seg.
Dette skulle eigentleg bli ett innlegg med oppramsing av kva eg kjem til å sakne, og kva eg gleder meg til å møte igjen. Men eg har i løpet av dei siste ti minuttane funne ut at det er så utruleg mykje eg kjem til å sakne. Ting som ikkje går an å forklare. Afrika er eit heilt utruleg spesielt kontinent. Det må berre opplevast. Åh, gjett om eg skal attende.
Mor: Når eg lander på Sola ønsker eg følgande velksomstgave: Pondus, Farris Bris Bringebær og Granateple (rød) og Candy King-smågodt til 40 kroner.
Anders: Møter du meg på Gardermoen, eller Oslo S, eller i trappeoppgangen (Oslo S høyres fint ut for min del)?
Au revoir! No skal eg ut å nyte det afrikanske livet, med sløving med call boxen, ananas og appelsin, tregt internett og ikkje minst lytting til fransktalande ungdommer. I like it, utenom internettet!

tysdag 25. mars 2008
Ein blogg med litt bilder, og uten ae, oe og aa
Av
Vegard Tjørhom
Dei siste vekene har det skjedd litt forskjellig, men alt er samtidig ved det normale. Eg har laant kameraet til Tord og hiver difor ut noke bileter han hadde der. Han har snakka om aa bruke nokre av dei sjolv, men det har han ikkje. Saa daa tar eg meg den friheten.
CHRISC gaar sin gang, og eg synes det er riktig saa kjekt aa vere med paa det. Me har spelt to kamper mot CHRISC Ville. Ein har eg allereie skreve om, den andre er det eit bilete fraa her:

Meg og nummer sju paa CHRISC Ville (Patrick?) i "duell". Tippe eg vant ja.
Det var sjukt varmt og eg vart skikkelig sliten. Men me vant (igjen), og matchvinner vart unge Tjorhom med ein god blokk. To sekunder etterpaa hadde eg ti svarte menn hengande paa meg. Eg som alltid synes feiringa av fotballmaal ser patetisk ut.
Me var i helga paa piknik med Sherif og Tabitah som skal til Hald neste aar. Det utarta seg til ein koseleg tur med mat, drikke og speling av Settlers og gitar. Ein gaatur paa ein halvtime fekk meg nesten til aa tenke paa paaske for forste gong.

Her er det Eline som florter, igjen. Himla lei ein kan bli av det.

Kryssing av store elvestryk maa til. Ingen turveier i Kamerun skjonner du (intern).

Her spele me Settlers. Fraa hogre: Tabitah, Helene, Sherif, meg og Eline (sjekk koss hu glor paa meg. Eg blir heilt satt ut...)

Benjamin spele gitar. Tidlegare Hald-elev som bur paa andre siaa av KRIK-banen.
I Kamerun er transport ein viktig ting, som alle andre stader. Men maaten det vert gjort paa kan ikkje alltid seiast aa vere veldig bra. Aner ikkje kor man

ge gonger eg har sett ei stor tralle paa ryggen til ein mann paa motorsykkel, ein lastebil som vingler seg framover paa humpete veier, eller punkterte biler i vegkanten. Her er eit dome paa beundrande pakking av bil:
Artige ting som skjer i Kamaerun. Her er ein liten virvelvind som drar med seg litt av den stovete sanden som eg absolutt ikkje kjem til aa savne:
Det er no berre ein del igjen av min "nedtellingskalender" (malariatabeletten). Det einaste gode med det er at eg snart slepp aa ta fleire tabeletter, og at eg snart faar mote folk heime igjen. Men det er mykje drit med det ogsaa. Men eg skal attende ein dag, og eg gleder meg.
Me snakkes snart! Tippe dette blei siste bloggen fraa Afrika...
tysdag 18. mars 2008
Tida går fort...
Av
Vegard Tjørhom
Det er under tre veker igjen av mitt opphold i Kamerun og Afrika. (Viss du lurer på kor mange dager, så kan du sjå kor mange dager det er igjen å stemme på voten. Den vert avslutta når eg (forhåpentligvis) søv på flyet til Amsterdam). Og det er skremmande å sjå kor fort tida går. Det er ikkje slik at eg har lyst heim, men eg gruer meg heller ikkje til å lande i Noreg. Eg har det fint på Dang, og no går også det sosiale livet lettare for kvar dag. Til å byrje med var det ei stille og flau stemning då eg stillte meg opp ved sida av dei som spelte Ludo ved ”Call boxen”. Men no er det meir ein selvfølge at eg kjem. Og viss eg ikkje er der, så må ein finne ut kvifor det er slik.
Engelskundervisninga er vanskeleg. Ikkje fordi nivået er alt for høgt. Men fordi eg alltid må lage opplegget frå bunnen av. Men eg ser dei synes det er interesant, og det verker som dei lærer av det. Dataundervisninga synes eg er kjekt å drive på med. Først og fremst fordi eg merker den voldsomme framgangen. Og det kan vel seiast at dei er på eit slikt nivå at meg og (nerden) Tord stiller ganske likt. Den dagen dei skal byrje med programmering så skal eg trekke meg ut og heller vere elev.
Men ein ting som er vanskeleg er å vite kven ein kan stole på. Eg har som sagt blitt kjent med nokre folk her på Dang. Alle av dei er studenter. Og alle er fattige etter norsk standard (dei har ikkje laptop, mp3-spelar og den største hybelen på Dang, for å seie det slik). Somme stunder stoler ein blindt på folk, mykje fordi dei tilsynelatande er venene dine. For min del er det vanskeleg å vite kva eg skal gjere.
For saken er:
Det er ein liten kar her som vert kalla Petit Paul (Lille Pål). Han er veldig aktiv, spesielt når det kjem til å bli kjent med meg. Det er jo ein god ting. Han kjem på besøk, og henger seg alltid på når eg går forbi huset hans. Han verker også som ein veldig grei og omtenksom kar, og med tanke på at han er presteson, så skulle jo det tale til han sin fordel. Men så kjem det ein annan som eg også kjenner ganske godt og advarer meg mot Petit Paul. Han seier at dei (han og eit par andre) hadde funne ut at det var best å seie til meg at Paul ikkje var til å stole på. Dei var redd eg skulle bli skuffa viss det ein dag skulle forsvinne ting. Og det har dei rett i. Skulle noko forsvinne og eg kjenner dei som har tatt det, så ville eg bli veldig skuffa. Men eg blir også veldig forvirra når dei seier slik. Kven skal eg stole på? Kven stjeler, og kven er berre gode? Skal eg invitere folk inn til meg? Er det rettferdig at dei stjeler frå meg? Eg har jo sjukt mykje meir enn dei. Bør eg berre boikotte Petit Paul, som by the way verker som han ikkje har så mange vener?
Ja, enkelt skal det ikkje vere. Ein kan ikkje stole 100% på nokon her nede, og det er utruleg krevande og vanskeleg. Ei av dei første KRIK-treningane mine forsvant klokka mi. Eg hadde lagt den ifrå meg på ein benk då eg spelte volleyball, og eg såg ikkje ofte nok etter den. Eg håper eigentlig at eg aldri skal sjå nokon gå rundt med den her på Dang. Nå er den borte, og la den alltid være det. Skuffelsen av at nokon eg kjenner har stjelt frå meg, den orker eg ikkje. Fattig og rik. Akkurat det er eit tema som ofte popper opp i hovudet mitt...
Ja, no er eg forresten ferdig med oppgåva. Problemet blir å få sendt den. Men det er påskeferie heime, så: no stress. I dag er det engelsk. Eg har plukka ut enkelte ting frå ein tekst om Noreg slik at dei kan lære litt om ein ting eg kan mykje om. Eg tok ikkje med setningar som omhandla norsk levestandard, eller FN si ”hvilket land er best i denne verden”-liste. Men historie, religion og språk derimot. Jadda... Blir sikkert kjekt.

torsdag 13. mars 2008
Ei lita oppdatering...
Av
Vegard Tjørhom
Det skjer ikkje saa mykje nytt. Me held paa med det same "gamle". I tillegg har eg saavidt starta aa skrive paa oppgaave som skal leverast om to dager. Men er redd for at det fort kan bli borti paasketider for eg er ferdig.
Fransken gaar betre, og eg laerer nokre ord kvar dag. Men er langt til eg nokon gong kan bruke det i ein samanheng over fleire minutter. Kontakten med folk har og blitt betre. Eg har byrja aa gaa ein del ut om kveldane i staden for aa halde PC'en med selskap. Det har resultert i ein del meir sosial samvaer med kamerunesarar. CHRISC hjelper ogsaa til med aa komme i kontakt med folk.
Det er under fire veker til eg er heime i Noreg, og det er eg baade glad og lei meg for. Eg veit det er mange ting eg kjem til aa savne med baade Afrika og Kamerun. Men det skal ogsaa bli kjekt aa komme heim til trygge Noreg, og aa mote alle Hald-folka igjen (samt Valdres).
Neste aar er saa og sei bestemt. Saa sant ikkje poengkravet for journalistikk paa HiO gar kraftig ned, saa blir det nok Utviklingsstudier paa same skulen. Eg gleder meg til baade sommerferien, og studiestarten allereie.
Her kjem nokre bilete:
Opninga av Milleniumskyrkja. Til venstre, Stavanger Gospel Company. Til hogre: Noko som maa vaere dei fleste prestane som kan krype og gaa i Kamerun.
Eline og Helen klar for opningsgudsteneste. Med fletter og festdrakt er det berre hudfargen som mangler for dei kan soke pass.
Her instruerer eg Dang (han haiter det altsaa) i Excel. Det faktum at eg kan laere vekk noko i Excel,og det faktum at Dang var den beste paa kurset, seier litt om data-nivaaet til Kamerunesarar. Dang er forsaavidt ogsaa kaptein paa volleyballaget og ein av dei eg har best kontakt med. Engelsken hans forbetrer seg dag for dag.

Langt haar er saa sjukt kjedelig i Afrika. Vanskelig aa stelle er det ogsaa. Og naar ingen Hald-jenter skriker ut i umiddelbar entusiasme daa eg spor om frisorhjelp, saa faar ein gjere det sjolv. Her er eg halvvegs i arbeidet med maskinen.
Og her er eg ferdig. Fantastisk! Eller, er vel egentlig ikkje heilt fornogd. Tar ei stund aa bli vant med det. Ikkje er det like hardt uten muskler og skjegg heller.
onsdag 5. mars 2008
Eit nytt, kort innlegg...
Av
Vegard Tjørhom
Viss eg skrur tida attende til juni i fjor, saa husker eg at eg stod overfor eit ganske vanskeleg val. Skulle eg takke ja til Kenya og Hald, eller ikkje? Eg var seint ute med ting og tang, og hadde til slutt faatt tilbodet. Som ein kanskje forstaar enda det med at eg reiste. Angrar eg? Nei...
Sidan det no naermer seg intervjutider paa Hald, saa vil eg berre folge opp nokre av mine studievener, og skryte litt av opplegget eg har vore med paa. Har du faatt tilbodet om aa reise til Kenya (viss det blir noko av det til neste aar), saa takk ja. Spesielt viss du har lyst til aa:
- Oppleve livet i ein slum.
- Faa deg vener som bur i ein slum.
- Bu i ein av verdas storbyer.
- Laere ein del om deg sjolv, og din eigen kultur.
- Ha det kjekt paa eit universitet (noko eg ikkje fekk i Kenya, men gjerne skulle gjort)
Og er du saa heldig at du har sjansen aa reise til den kamerunske jungelen, sa svar ja daa ogsaa! Og det er ingen ulempe om du:
- Snakker fransk (kan bli hardt uten, evt. start aa pugg!)
- Liker idrett (berre fotball og volleyball det gaar i her, men det gaar ann aa gjere noko med), er sosial, og har lyst til aa laere vekk saker og ting til folk som er fem aar eldre enn deg.
- Er jente (som reiser med ein gut. Det trengs nemlig.)
- Torr aa drite deg ut naar det kjem til kulturskilnader og spraak.
Ikkje reis om du:
- Trur du kjem til aa redde verda ved aa sette deg paa eit fly til Afrika.
- Ikkje har lyst til aa tilpasse deg ein ny kultur.
Eg veit FOKUS kan virka "kjedeligare" enn dei andre to linjene. Men no er eg overbevist om at FOKUS er den beste linja. Studentarbeid hoyres liksom ikkje kult aa drive med. Men det er det faktisk! Du faar ein del fleire vener enn viss du skal jobbe paa ein barneheim eller vere smaaskulelaerar.
Og synes du det er litt lite bistand paa linja (det synes av og til eg), saa faar du fint tilgang paa boker som du kan lese deg opp paa.
Men no skal eg gaa paa CHRISC/KRIK. Har hatt fri fram til no og vaska hybelen. Det maatte til. Men arbeidet med oppgaava som skal leverast om ti(!) dager burde ogsaa blitt satt i gang. Men kva i huleste skal eg skrive om? Eg skal liksom skrive om arbeidet mitt, men...

onsdag 27. februar 2008
Og sånn til info!
Av
Vegard Tjørhom
Eg er veldig klar over at det er mange innom bloggen min. Kvifor ikkje legge igjen ein kommentar? Om eg berre kjenner deg så vidt, så er det likevel veldig koseleg!
Takk til dykk som har kommentert. Eg leser dei og reagerer med latter, sinne eller sorg. Alt etter som. Men eg gidder ikkje alltid skrive det.
Og til alle dykk som har stemt på meg på denne fantastiske "pollen". Takk for omtanken. Men det er nok ei gong på tide å vende konsentrasjonen vekk frå vår vesle navle og ut i verda. Tenk å vase vekk ei stemme på berre tull. Slikt kan få voldsomme konsekvenser i enkelte land...

Nye problem, og litt eldre problem
Av
Vegard Tjørhom
Som min "gamle" klassekamerat skreiv i ein kommentar her på bloggen, så har det oppstått nokre få problem her i Kamerun også. Afrika og Vegard er tydelegvis ikkje ein god kombinasjon. I Douala, den største byen og handelssenteret i Kamerun, har det vore ein del opptøyer. Dette har spredd seg til Yaounde (hovudstaden) og nokre andre byer sør i landet. Dette er MILEVIS frå kor eg oppheld meg. Uroa skal vere på grunn av at presidenten vil innføre ein ny lov. Denne lova skal gjere det mogleg for han å regjere på livsstid. I tillegg er det nokre andre småting som det er misnøye rundt, og streiken som foregår er blant taxi-sjåførane, og er på grunn av dei høge bensinprisane.
Det går rykter om at alt frå 2-3 til 12-13 personer er drept. Vegar har blitt sperra, og taxidrifta har slutta i mange byar. For å vere på den sikre sida, så overnatter eg og Tord på NMS sin stasjon inne i byen. Dei kilometarane ut til Dang kunne blitt kjipe om taxien slutta å gå.
Men dette er nok noko som kjem til å roe seg, og alt vil nok gå greit. Eg husker eg tenkte det same om Kenya, men denne situasjonen kan eigentleg ikkje samanliknast.
Apropos Kenya. Det blusser opp der borte igjen. Forhandlingane med Kofi Annan i spissen går mot ein slutt, og no er visstnok opposisjonen utstyrt med våpen. Dei venter berre på eit klarsignal frå Odinga. Situasjonen der borte er verkeleg ikkje god, og eg er etterkvart blitt veldig bekymra for kor dette skal ende.
Vil du lese meir?: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article2280516.ece
Men som sagt, alt går bra med oss her i Kamerun. Og me reiser forhåpentligvis ut til Dang igjen i morgon.
Det har forresten dukka opp eit problem til. Eg har prøvd å sosialisere meg litt meir enn før ute på Dang. Og det er når ein vil føre dei verkeleg "djupe" samtalane ein forstår kor viktig språk er. Eg kan ikkje fransk, og dei vil ikkje bruke/kan ikkje engelsk. Men når eg kjem ut att, så skal eg ta mot til meg og berre hoppe i det. Vanlegvis er eg redd for "flaue stemninger", men det får eg berre drite i.
Mi snakkis pakkis!

laurdag 23. februar 2008
På tide med ein ny poll... (to innlegg på rad)
Av
Vegard Tjørhom
Eg har det med å synes synd om folk. Difor tenkte eg at eg skulle lage ein spørreundersøkelse i rein nyfikdom (hey, sjå på den du, Torger Åge (kan sjå ut som at eg tok meg nær av det du skreiv om nynorsken, men må berre forsikre alle om at eg har kome meg over det stadiet av livet)).
Kven av desse personane/gruppene synes DU mest synd om. Avgje stemme i kolonna til venstre! Lykke til!
- Den britiske kongefamilien (eller kongefamilier generelt). Meir plagsom media enn vekeblad skal ein leite lenge etter. Og det dei tener mest penger på, og difor skriv mest om, er skandalane dei diverse prinsane i England (Wales) gjer, og om dødsfallet til Diana. Som tross alt bør vere ein ganske så privat sak.
- Alle jenter som i staden for ein velfungerande klump oppå ryggsøyla, fekk tildelt to store klumper mellom magen og halsen. (Dømer: Lene Alexandra, Paris Hilton, Aylar, Pia Haraldsen...und so weiter)
- Borna i Afrika
- Dei borna i Afrika som er albino.
- Alle som stiller til val på FrP-lista frivillig.
- Dei europearane som trur at ein vert lykkelig av eit hus ved Middelhavet, og yacht i båthuset.
- Alle utlendinger (med ein anna hudfarge og kultur) som kjem til Noreg og vert møtt med ei kald skulder frå alle dei møter.
- Meg sjølv (Vegard), som faktisk gidder å lage ein slik undersøkelse.
- Funksjonshemma i u-land.
Jadå, me venter på di stemme i denne oppmuntrande spørrundersøkinga! Personleg synes eg dei brystfagre jentene kjem langt opp på lista. Saman med FrP’arane. Det som kanskje er mindre overraskande er at desse brystfagre jentene mest sannsynligvis stemmer FrP. Så kanskje det burde blitt slått saman til ei gruppe?

Abonner på:
Innlegg (Atom)